#19: Legevakthistoria – dei lange linene (etter 2000)

Legevaktpodden - Podcast készítő Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin - Péntek

I del 3 av 3 ser vi på utviklinga dei siste 20-25 åra: Fastlegeordninga si rolle, utviklinga av prehospitale akuttmedisinske tenester og korleis forskrifter og fagleg utvikling har endra legevakt til å vere ein avansert og mykje brukt medisinsk naudetat med god kvalitet og auka kompetanse. Men framleis finst det utfordringar. Du kan lese meir i boka, «Frå Barberkirurg til digital vaktlege», som kan bestillast her (kr. 100,- fritt tilsendt). Steinar Hunskår er spesialist i allmennmedisin, professor emeritus i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen og forskar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM). Han samtalar med Tone Morken frå NKLM. Teknisk produksjonsstøtte: Lisa Marie Haraldseide. Podkasten er publisert i samarbeid med Alrek Helseklynge.