Kva er eit minorisert språk, og er eigentleg ukrainsk ei russisk dialekt?

Språksnakk - Podcast készítő NRK - Péntek

Kategóriák:

Og til ære for arbeiderdagen, er Raudt-leiar Bjørnar Moxnes gjest i Ut med språket, me fabulerer rundt floss og pjolter, og prøver å klargjera NRK sine retningslinjer for uttale. 01.18: Minoriserte språk - Ei doktorgradavhandling som fekk kongens fortenestemedalje i gull handlar om minoriserte språk. Kan eitt trua språk trua eit anna? 18.56: Tilbakemeldingar på floss og pjolter 21.52: Ut med språket, Bjørnar Moxnes - Raudt-leiaren har fått kjenna på språklege både opp- og nedturar. 40.00: Ukrainsk vs. russisk - Kva er eigentleg eit språk? Professor i russisk Tore Nesset greier ut om den ønska myta at ukrainsk "berre" er ei russisk dialekt. 53.06: Lytterspørsmål: NRK sin uttale av Paludan og Mariopol - Har ansatte i NRK nokre felles retningslinjer, eller er det tilfeldigheitene som rår? Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar til [email protected]. Hør episoden i appen NRK Radio