Spanskesykja
NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok
Kategóriák:
For litt over hundre år sida gikk verda inn i eit nytt tiår med spora etter katastrofen sterkt til stades: Spanskesykja mellom 1918 og 1920 har blitt løfta fram som ein av tidlegare tiders pandemier vi kan lære av, for å takle det som no står framfor oss. Men kva var spanskesykja, korleis ramma ho Noreg og verda? Kva var forventingane før ho slo ned? Fanst det tydlege klasseskilnader i kven som blei råka, og korleis så det norske helsevesenet ut på denne tida?Epidemiekspert Svenn-Erik Mamelund og professor i historie, Ole Georg Moseng, møter idéhistorikar og forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket Siv Frøydis Berg til samtale. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.