Skaldelære. Liv Gulbrandsen framfører den yngre Edda

NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok

Den yngre Edda, skriven av Snorre Sturlason omkring år 1220, er ei hovudkjelde til kunnskap om norrøn mytologi og skaldskap. Her finn vi ei samla framstilling av den norrøne gudelæra, med meisterlege gjenforteljingar av dei gamle mytane, så som Tors fiske og Balders død. Liv Gulbrandsen har sveitta og studert gudar og kenningar, og tek oss no med på ei forrykande reise frå urtida via Ragnarok til livet i Åsgard. Gulbrandsen har tidlegare gjort suksess med mellom anna Knausgårds Min kamp på 90 minutt og Fifty Shades of Grey på 50 minutt, men no er det altså Edda som skal til pers. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.