Professorpolitikaren. Rune Slagstad om Anton Martin Schweigaard

NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok

Anton Martin Schweigaard (1808–1870) var jurist, økonom og politikar, og blir rekna som ein av dei viktigaste intellektuelle storleikane i Noreg på 1800-talet. Med avhandlinga Indførselstolden og dens Historie la han i 1836 grunnlaget for ein norsk frihandelspolitikk, og lærebøkene han skreiv, prega norsk rettsvitskap og rettspraksis lenge etter han var død. På Stortinget stod Schweigaard fremst i kampen for utbygging av jernbanar, post og telegraf, og han hadde avgjerande innverknad på utforminga av den norske handels- og toll-lovgjevinga. Rune Slagstad er sosiolog, idéhistorikar og rettsteoretikar. I dette føredraget ser han nærare på korleis den nasjonale strategen A.M. Schweigaard har prega den økonomiske og rettsvitskaplege tenkinga i Noreg. Arrangementet er ein del av Nasjonalbibliotekets serie om norske vitskapspionerar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.