Med nasen i vêret. Siri Kalvig om Vilhelm Bjerknes

NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok

Den norske fysikaren Vilhelm Bjerknes (1862-1951) skreiv seg inn i verdshistoria som opphavsmannen til moderne vêrvarsling. I 1904 fekk han publisert eit banebrytande vitskapleg arbeid i Tyskland, og frå dette stammar det som blir kalla Bjerknes’ lov om vêrvarsling, ei lov som sidan den gongen er grunnlaget for alle metodar for varsling av vêret. I Noreg grunnla han Bergensskulen innan meteorologi. Skulen var verdsleiande i utviklinga av moderne vêrvarsling, og kombinerte empiriske observasjonar med teoretiske utrekningar av vêrprognosar. Førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, meteorolog og tidlegare leiar i StormGeo, Siri Kalvig, er godt kjend som vêrmeldar gjennom TV-skjermen. I kveldens foredrag ser ho nærare på Vilhelm Bjerknes og historia om moderne vêrvarsling. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.