Levande brev: Kamp
NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok
Kategóriák:
Om livet er ein kamp, har også brevpapiret vore ein del av slagmarka. Anten det er snakk om kvinnekamp, identitetskamp, arbeidarkamp, kunstnaren som kjempa for brød på bordet, eller forbrytaren som slåst for fridom, så finst spora i det som ein gong var konvolutterte meldingar. Brevsamlingane til Arkivverket og Nasjonalbiblioteket gir oss innblikk i mange ulike stridstema.Gisken Armand, Bjørn Skagestad og Petter Winther levandegjer brev om ulike former for kamp. Programleiar Kari Slaatsveen losar oss gjennom kvelden.Under fana «Levande brev» inviterer Nasjonalbiblioteket til opplesing av brev frå den norske kulturhistoria. Vi har teke for oss kjærleiken, katastrofen, reisa og ulykka. Denne gongen er det kampen som står for tur. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.