Kvinnerolla i norsk film. Breien, Løkkeberg & Bhar
NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok
Kategóriák:
Arrangement 8.3.2018 Kvinnekampen på 70-talet skapte eit sterkt medvit rundt ei kvinnerolle i endring. Det gav gjenklang i kunsten, og i norsk film såg ein no ei meir nyansert framstilling av kvinner som aktørar. Vi har invitert to filmskaparar som var sentrale dette tiåret, og som utmerkte seg med kvinnepolitiske bodskap på lerretet. Anja Breien er blant dei best kjende regissørane i norsk film, med filmar som Hustruer, Arven og Den allvarsamma leken. Vibeke Løkkeberg har ofte tematisert kvinnelege erfaringar, og regisserte på 70-talet kortfilmar som Abort og Regn før spillefilmdebuten Åpenbaringen. No møter dei filmkritikar Oda Bhar til samtale om film og kvinnekamp. * Endring i program: Laila Mikkelsen måtte dessverre melde avbud til arrangementet. ARRANGEMENTET ER DEL AV PROGRAMMET «KVINNEKAMP» Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.