Havella. Lundeng, Larsen og Syvertsen

NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok

Havella er ei lita and, ofte sett langs kysten i Nord-Noreg, og ho har gjeve namn til ein slått som er særeigen for Lofoten og Salten. Ein liten vals som hermar lyden til den vesle fuglen. I den norske folkemusikktradisjonen er musikken uløyseleg knytt til dei gode forteljingane, og dei gode forteljarane er høgt skatta. Felespelar og komponist Susanne Lundeng er av dei fremste folkemusikarane i landet og har bidratt sterkt til å sette den nordnorske folkemusikken på kartet. I 2016 vann ho Spellemannprisen for plata 111 Nordlandsslåtter - hilsen Susanne Lundeng. Felespelar Ove Larsen var den fyrste som tok doktorgrad på nordnorsk folkemusikk, og er i dag professor i musikkvitskap ved Nord universitet. No møter dei felespelar og vokalist Tuva Syvertsen til ei samtale der dei gode historiene står i sentrum. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.