Gjenhør: Tore Renberg les Mikkjel Fønhus

NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok

Han fekk rykte som naturskildraren framfor nokon i norsk litteratur, og var ein av våre mest folkekjære forfattarar. Mikkjel Fønhus (1894-1973) gav ut bøker med opplag på fleire titusen, og titlar som Trollelgen og Der villmarka suser stod i alle norske bokhyller. Men så stilna det kring han. «Mikkjel ser ut til å være klar over det sjølv: Han kunne dyr betre enn folk,» skriv Tore Renberg som no har lese Fønhus sine rovdyrromanar med ørneblikk. Kva er det så som openberrar seg, i dei menneskefråvende skildringane og blodstenka bileta av naturens vald? Korleis kan ein snuse seg fram til ein gløymd forfattars rytme?  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.