Gipsguten og Liti Kjersti. Svendsen, Myhren og Syvertsen
NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok
Kategóriák:
I skillingsvisa «Gipsgutten» frå 1869 møter vi ein gut som går i lære hjå dei italienske brørne Guidotti, dei fyrste gipsmakarane i Christiania. I mellomalderballaden «Liti Kjersti» møter vi jenta som blir bergteken og får barn med bergekongen. Både gamle og nyare folkeviser gjev oss eit kikhol inn i livet til folk som har levd før oss. I den norske folkemusikktradisjonen er musikken uløyseleg knytt til dei gode forteljingane, og dei gode forteljarane er høgt skatta. Visesongar Kari Svendsen og kvedar Øyonn Groven Myhren erto av dei fremste folkemusikkformidlarane våre. No møter dei spelekvinne og vokalist Tuva Syvertsen til ei samtale om oslogutar, bergtekne jenter og andre gode historier frå folkeviseuniverset. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.