Filosofi: Vondskap.
NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok
Kategóriák:
Kva er vondskap? Kor kjem det frå, og kva fortel vondskapen om mennesket? Er vondskap ein form for avvik, eller er det, stikk motsett, eit utrykk for kven vi djupast sett er? Kvifor eksisterar vondskap, og korleis skal vi forholde oss til det? «– Jeg ønsker å lære all verdens ondskap og smerte å kjenne, helt til bunns vil jeg kjenne den, så jeg siden kan leve i sannhet og ikke i løgn», skreiv Jens Bjørneboe i Stillheten frå 1973. I samband med Bjørneboe-jubileet inviterer Nasjonalbiblioteket ein filosof og ein forfattar til samtale om filosofiske problemstillingar Jens Bjørneboe var oppteken av.Arne Johan Vetlesen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo, og har mellom anna skrive bøkene Studier i ondskap og Evil and Human Agency. Nikolaj Frobenius er forfattar av ei rekkke romanar, diktsamlingar og filmmanus, mellom anna Latours katalog om tenaren til Marki de Sade. Ida Berntsen leiar samtalen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.