Filosofi: Fridom. Med Kaja Melsom, Wencke Mühleisen og Ida Berntsen

NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok

Alle vil vere frie, men kva inneber det eigentleg? Er det fridom frå som er viktigast, eller fridom til, og er fridom det same for alle, eller er det avhengig av til dømes kjønn, klasse og etnisitet? «Friheten er at man hvert sekund må velge selv – at ingen i himmelen og på jorden kan hjelpe en med noe», skreiv Jens Bjørneboe i Frihetens øyeblikk frå 1966. I samband med Bjørneboe-jubileet inviterer Nasjonalbiblioteket ein filosof og ein forfattar til samtale om filosofiske problemstillingar som Jens Bjørneboe var oppteken av.Kaja Melsom er filosof og forfattar, og ho har blant anna gitt ut boka Den fordømte friheten. Et oppgjør med dagens selvrealiseringstyranni (2017). Wencke Mühleisen er medievitar og kjønnsforskar, og ho har skrive fire romanar. Ida Berntsen leiar samtalen.         Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.