Familie, kjønn og makt. Anne Bitsch om Harriet Holter
NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok
Kategóriák:
Harriet Holter (1922–1997) var sosialpsykolog og kvinneforskar. Ho blir rekna som ein nordisk pioner innanfor samfunnsvitskapleg kvinneforsking, og etter henne følgde inspirerte generasjonar av nye kvinneforskarar. Holter blei spesielt kjent for sine studiar av kjønnsroller og kvinners plass i arbeidslivet. Det leidde fram til doktoravhandlinga Sex roles and social structure frå 1970, eit banebrytande samfunnsvitskapleg arbeid i Simone de Beauvoirs ånd og starten på ein livslang kamp for å avdekkje maktfordelinga i samfunnet. Anne Bitsch er samfunnsforskar, forfattar og feminist. I dette foredraget kikkar ho nærmare på Harriet Holters bidrag til kvinne- og kjønnsforskinga. Arrangementet er del av Nasjonalbibliotekets serie om norske vitskapspionerar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.