Den norske sjukdommen. Anne Kveim Lie om radesjuken

NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok

Radesjuken er ein ukjend sjukdom for dei fleste i dag, men på 1700-talet var den Noreg sitt største helseproblem. Sjukdomen var ikkje kjend frå andre stader og fekk difor tilnamnet «den norske». Radesjuken sine herjingar gjorde at det blei oppretta 16 sjukehus rundt om i landet, og desse danna grunnlaget for det moderne sjukehusvesenet. På 1800-talet var radesjuken på retrett, men eitt spørsmål står likevel att: Kva var eigentleg radesjuken? Anne Kveim Lie er utdanna lege og idéhistorikar og fyrsteamanuensis i medisinsk historie. Ho skriv om radesjuke i boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie, som Nasjonalbiblioteket gjev ut i vår. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.