Alta-aksjonen. Aili Keskitalo, Alfred Nilsen og Silje Ask Lundberg
NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok
Kategóriák:
Mellom 1979 og 1981 blei det arrangert ei rekke aksjonar med sivil ulydnad mot planane om kraftutbygging i Alta-Kautokeino-vassdraget. Folkeaksjonen mot utbygging førte miljøaktivistar frå heile landet saman med samar som aksjonerte for rettane sine. Utbygginga blei til slutt gjennomført, men aksjonane førte likevel til store endringar i forholdet mellom samane og den norske staten. Kvifor fekk aksjonane slike omfattande konsekvensar, korleis var møtet mellom miljøvernarar og urfolk, og kva lærte miljørørsla?Sametingspresident Aili Keskitalo, miljøaksjonist Alfred Nilsen og tidlegare sametingspresident Ole Henrik Magga møtest til ein samtale som blir leidd av Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.