Abortkampen. Nylander, Skard, Moræus Hanssen & Kaluza

NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok

Arrangement 6.3.2018 For førti år sidan vedtok Stortinget – med ei stemme overvekt – lova om sjølvbestemd abort. Abort hadde vore lovleg sidan 1964, men ei nemd avgjorde om kvinna fekk avslutte svangerskapet eller ikkje. Abort var ei av hovudsakene for kvinnerørsla på 70-talet, og både i politikken og blant folket var frontane steile og kjenslene sterke. Lege Gro Nylander var nyfeminist og aksjonerte for kvinners sjølvråderett. Torild Skard var sentral i SV og deltok aktivt i debatten som stortingsrepresentant fram til 1977. Ingeborg Moræus Hanssen leia Høgre si feministgruppe, som sto midt i dei ideologiske debattane i Høgre dette tiåret. No møter dei forfattar og samfunnsdebattant Susanne Kaluza til samtale om ein av 70-talets store samfunnsdebattar. ARRANGEMENTET ER DEL AV PROGRAMMET «KVINNEKAMP» Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.