Å skrive seg fri. Litterær kvinnekamp og lyden av 70-tallet
NB:arrangement - Podcast készítő Nasjonalbiblioteket - Vasárnapok
Kategóriák:
Arrangement 1.3.2018 Abort, homofili, kjærleik, familieliv, arbeidsvilkår og patriarkat var tema som blei diskuterte i den norske litteraturen på 1970-talet. Det same tiåret fekk òg feministiske tenkarar som Simone de Beauvoir, Aleksandra Kollontaj og Suzanne Brøgger det store gjennomslaget sitt i Noreg. I utstillinga «Kvinnekamp» løfter Nasjonalbiblioteket mellom anna fram litteratur frå 1970-talet med ein kvinnepolitisk bodskap. Blant forfattarane er Tove Nilsen, Liv Køltzow, Gerd Brantenberg og Kari Bøge, som no møter litteraturvitar og kritikar Kaja Schjerven Mollerin til ei samtale om kvinnekampen i litteraturen. ARRANGEMENTET ER DEL AV PROGRAMMET «KVINNEKAMP» Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.